Wednesday, June 5, 2013



PERSONLIG & MODERNE

i Moster Gamle Kyrkje


Dette bryllupet er en gedigen godtepose vi aldri får nok av, og som virkelig smitter gjennom skjermen med sin sjarm, glede og kjærlighet. Dette brudeparet stråler virkelig, og Ari Behn sin beskrivende lysfontene, dukker opp i vokabularet i mangel på noe bedre, i den aller største positive betydningen. Anne Marit Særsten & Sindre Anders Halvorsen, giftet seg i Gamle Moster kyrkje på Bømlo, den 18. august 2012. Bruden stråler av sommer, sol, og sjø med sin fargerike, superkule brudebukett. Demetrios kjolen er perfekt til Anne Marit, og sløret har bruden sydd selv. NWB la selvfølgelig merke til at bruden har gule & kule sko, i tillegg til sine converse - we dig. For å la deg inspirere enda mer, les teksten til bruden nederst i bloggposten, der finner du masse gode tips. Og vi - vi smiler hver gang vi ser bildene av dette paret, og er så takknemlig for at de flinke jentene hos STUDIO LL, sendte disse bildene vår vei - tusen takk!



BRUDEN FORTELLER: Eit av dei beste minna er frå då vi skulle gå ut frå kyrkja etter vigslinga. Vi hadde venner som laga eit kor for dagen, og dei song på ny inngangsmarsjen; «Bruremarsj frå Valsøyfjord». Då vi gjekk hand i hand ned kyrkjegolvet til denne nydelige melodien og såg venner og familie smilande mot oss, då vart alt så verkeleg. Det var magisk. Alle musikalske opplevingar i kyrkja sette ein høgtidlig uhøgtidleg standard for dagen. Med trekkspel og gitar spelte songarane blant anna deilig bohemsk Edward Sharpe and the Magnetic Zeros, noko venner og familie òg refererer til som eit høgdepunkt. Vi kjenner personlig han som vigde oss, og dette gjorde stunda i kyrkja ekstra spesiell. Han sa i planleggingsfasen av dagen at festen er ei feiring av det som har hendt i kyrkja. Dette vart viktig for oss i planlegginga, og vi er veldig glade for at vi fekk eit så personleg preg på denne stunda.

- Tips til andre brudepar

Tørr og bryt tradisjonar, og lag ein personleg touch. Finn ut kva som er viktig for dykk, og la gjerne folk bli enda betre kjent med dykk gjennom bryllaupet. Ha samling/fest kvelden før slik at folk kan bli kjent. Legg inn program for gjestene mellom kyrkja og festmiddagen. Vi kombinerte aperitiff med frukt, småmat og båttransport frå kyrkja til festlokalet. På båten hadde vi bedt lokalkjente til å fortelle underhaldande vandrehistoriar. Legg inn leikne element. Då får gjestene ei oppleving. Vi hadde fotobooth som slår an i alle aldrar. Gjesteboka var postkort som gjestene «posta» i løpet av kvelden i postkassen vi hadde pynta for anledningen. Vi hadde og valt å ha barn i bryllaupet som fekk sine underholdningsboksar, for at foreldre skulle få litt fri i løpet av kvelden. Runde bord gjer festen sosial, og alle rundt bordet har anledning å snakke med kvarandre utan å snu ryggen til ein sidemann. Dette synest eg er veldig viktig for ein fest.

- Hvorfor valgte dere å feire bryllupet slik - hva var inspirasjonen?

Vi velde å gifte oss i ein av dei eldste kyrkjene i Noreg, Moster Gamle Kyrkje, som ligg på Bømlo der eg kjem frå. Denne gamle kyrkja saman med skjergarden som definerer heimstaden min og den historiske dampbåten MS Granvin som frakta gjestene, passa veldig godt til eit naturleg og laidback bryllaup etter vår personlegheit. For oss var det viktig å ha eit intimt og personlig bryllaup. Samtidig hadde vi lyst til at dette skulle bli ein minnerik dag for alle gjestene våre. Det intime og personlige fekk vi til gjennom mange DIY prosjekt vi gjorde saman før bryllaupet og gjennom å samle ulike vintage gjenstandar vi brukte i dekor. Blant anna sydde vi serviettar og vimplar, lagde heimelaga invitasjonar samt at vi samla inn norgesglas frå besteforeldre og tråkka ned dørene på Fretex og Gjenbruk etter telysholdarar, vasar og gamle gjenstandar. Det minnerike for gjestene kom gjennom den rauden tråden vi sette for bryllaupet. Vi har veldig mange hobbyar, men reising er ein av dei største, og vi valgte difor dette som personleg touch for dagen. Invitasjonane lagde vi som pass og flybillett. Alle borda fekk namn etter ein stad vi har vore. Og vi plasserte ut element som skulle få assosiasjonane over på reising – blant anna globusar, gamle koffertar og fargerike vimplar. Mykje inspirasjon var henta frå utanladske bryllaupsbloggar bl.a Style Me Pretty. Mange av våre gjester hadde aldri vore på Bømlo før, og difor ynskte vi og å vise Bømlo i form av mat. Vi brukte kortreist mat i både aperitiff og middag, med blant anna Hardanger Cider og Salmalaks på menyen. Dei lokalproduserte små honningkrukkene frå «Snill Bie» honning som vi fekk laga for anledninga brukte vi som bordkort, slik at alle gjestene fekk med seg ei lokal og smakfull gåve heim.

- Hvorfor Studio LL?

Linda kjem frå same stad som mannen min og Studio LL har vore brukt mykje av blant anna svigerfar i ulike oppdrag. Slik har vi sett mykje av Studio LL sitt arbeid, og vi synest dei er veldig flinke og fange augneblinken. Jentene har eit utrulig vinnande vesen og smittande humør. Sidan ein kjem så tett på fotografen på bryllaupsdagen var det viktig for oss med ein behagelig person som ville tilføre noko positivt til oss. Dette forstod vi veldig raskt vi ville få i Studio LL. Vi er kjempefornøyd med jobben dei gjorde, og med korleis dei tilpassa seg våre ønsker. Studio LL overgjekk all forventning og gjorde timane med bildetaking til ei kjempefin oppleving. Det er ein stor del av dagen som går i fotografering, og då er det viktig med personar du klaffer med.

LEVERANDØRER: Bryllupsfotograf: Studio LL // Brudekjole: Demetrios, Style No. 533 - slør sydd av bruden selv // Brudens sko: ALDO // Hår & Make- Up: Hår: Brudens forlover i Linda - Make-up: Brude, make-up veiledning fra MC i forkant // Brudebukett & Blomster: Laget av Brud, Brudens mor og mormor. Blomster fra hagen og lokal blomsterhandler // Brudgommens Antrekk: Tiger of Sweden // Catering: Stord konferansesenter // Bryllupskake: Laget av bruden - kakefat laget av brudgommens far // Selskapslokale: Stord konferansesenter

NB! NWB hadde ikke hjerte til å forandre teksten fra bruden til bokmål, fordi vi er stor fan av den flotte nynorsken vår, og det ville ødelagt det flotte språket. Det er som om vi hører det fortelles på denne vakre dialekten.

Popular Posts